KONVERTERING AV REGULERINGSPLANAR TIL SOSI

Dei fleste kommunar stiller krav til levering av reguleringsplanar digitalt på SOSI. Det er ikkje alle program som har innebygd funksjon å eksportere filer til SOSI. Geoplan AS har tek difor på seg oppdrag med å konvertere DWG/DXF-filer til SOSI- filer. Me har også moglegheit til å ta inn andre filer for konvertering til SOSI. 

Forutsetning for at jobben skal gå greit og effektivt ber me om fylgjande:

  • Helst ei DWG- fil av prosjektet, utan bakgrunnskart. Andre filer kan også gå.
  • Prosjektet er georeferert / plassert i koordinatsystem, dvs. at det ikkje ligg med origo (0,0). Gjeldande koordinatsystem for Sør-Noreg er EUREF89 sone 32. 
  • Opplysningar om planID for planen.
  • Opplysningar om plannamn – kortversjon av plannamnet.
  • Kva nivå planen ligg på (bakkenivå, over eller under bakken, i sjø).
  • Liner er koda slik at det er enkelt å sjå kva liner som høyrer til dei ulike laga i reguleringsplanen. Her forutsett me at de har nytta gjeldande SOSI-standard for reguleringsplanar. (Nasjonal produktspesifikasjon for arealplan og digitalt planregister)
  • Dersom det er veg med radius, så må dette ligge som ei påskrift, eller ligge i teikninga slik at det er enkelt å legge dette inn i sosi-fila. 
  • Ei PDF-fil av planen med teiknforklaring osv. slik at det vert lett for oss å sjå korleis planen skal sjå ut. Me kan ta jobben med å georeferere prosjektet (plassere prosjektet i rett koordinatsystem), om de ikkje har moglegheit til dette, men det vil ta noko ekstra tid.   

Moment som krev ekstra tid eller tillegg: 

  • Transformasjon av prosjekt dersom dette ikkje ligger i rett koordinatsystem
  • Georeferering av prosjekt
  • Retting av vegline dersom denne ikkje er konstruert med radiar
  • Endringar i planen som følgje av kommunikasjon mellom planleggjar og kommune 
  • Dersom fila me får er godt strukturert, vert jobben lettare for oss og vil ta mindre tid.

Slike oppdrag vert utført fortløpande. Ved fullføring av oppdrag vil de få oversendt ei SOSI- fil av reguleringsplan, samt eit tekstdokument som dokumenterer godkjent SOSI- kontroll.