Reguleringsendring for Tryglakleiv

PlanID: 4622 20140007a
Prosjekt: Reguleringsendring for gjeldande reguleringsplan for Tryglakleiv
Stad: Gnr 21, bnr 26, Kvamskogen, Kvam herad
Oppdragsgjevar: Søndagsskolen Bergen Krets
Planstatus: Varsla endring 14.04.21

Prosjektansvarleg: Ingeborg Steine Jensen

VARSEL OM REGULERINGSENDRING FOR TRYGLAKLEIV – PLANID 4622 20140007a

 

I medhald av plan- og bygningslova §12-8 vert det varsla reguleringsendring av gjeldande reguleringsplan. Geoplan AS skal, på oppdrag for Søndagsskolen Bergen Krets utarbeide ei mindre reguleringsendring for tomt 10, felt H14.

 

Gjeldande reguleringsplan med planID 4622 20140007 Tryglakleiv vart vedteken 13.02.2018. Reguleringsplanen la til rette for fleire nye hyttetomter innanfor planområdet, og det er no ynskjeleg å endre eigedomsgrense for tomt 10.

 

Frist for innspel til planarbeidet er sett til 12.05.2021

 

Innspel som kan ha innverknad på, eller vera av interesse for planarbeidet, skal sendast til Geoplan AS, Sandvenvegen 17, 5600 Norheimsund, eller via e-post; post@geoplan.no. Spørsmål rettast til Geoplan AS v/ Ingeborg på tlf. 478 04 789. Alle innspel vil verta vurdert og lagt ved planframlegget når det vert sendt inn til Kvam herad for handsaming.

 

 

Lenker:
Forslag til endra plankart
Søknadsbrev
Notat frå oppstartsmøte