VILLA ONEs

Prosjekt: Einebustad
Stad: Brennehaugen i Norheimsund, Hardanger
Oppdragsgjevar: Bøe / Ones
Periode: 2012-2015

Prosjektansvarleg: Sivilarkitekt Solveig Valland MNAL

Tomta har hellande terreng, med ein høgde i sør og utsyn mot fjord- og fjellandskapet i aust, nord og vest. Eigedomen er del av eit sentralt bustadfelt med fleire etablerte bustader, men grenser også til to ubebygde tomter. Bustaden består av to volum; ein smal bygningskropp med saltak og uhandsama kledning i framkant mot gaterom og tilkomst, og ein lavare betongfløy inn mot høgda i sør. Bygningskroppane dannar i lag med garasjen eit rom med moglegheit for uteplass mot vest. I tillegg er det lagt til rette for skjerma uterom mot aust, og med gras på taket til fløyen i sør, vil ein få eit grønt uteopphaldsareal mot haugen og friområdet der. Grepet gir moglegheit for opphaldsrom med store glas mot utsikta, mykje ljosinnslepp og romsleg takhøgd, medan den lavere fløyen i bakkant har rom av meir privat karakter og mindre moglegheit for innsyn.