VILLA HANSEN

Prosjekt: Einebustad ved sjøen
Stad: Børvenes i Øystese, Hardanger
Oppdragsgjevar: Hansen
Periode: 2013-2015

Prosjektansvarleg: Sivilarkitekt Solveig Valland MNAL

Prosjektet starta som eit tilbygg til eksisterande bustad, men enda i staden opp med riving av bustaden og nybygg på tomta. Eigedomen ligg sørvendt til, med sjøline og utsyn mot Hardangerfjorden. For å ikkje ta sol- og utsynstilhøva for bustaden i bakkant, var det viktig å halde seg lågast mogleg i terreng. Pulttaket gir takhøgd innvendig, samstundes som det ikkje går ut over naboen sine kvalitetar. Ein kjem inn i bustaden på hovudplanet, der opphaldsareal med store glasopningar ligg i framkant mot utsikta, med open kjøkenløysing i bakkant, i tillegg til bad, soverom og vertikalkommunikasjon. Dobbel garasje med plass for oppbevaring og dør direkte inn i bustaden. Det er nytta ljosinnslepp i tak over entrè, bad og soverom. I kjellaren er lager, verkstad, vaskerom, bad, soverom og kjellerstove situert. Bustaden vert kledd med Kebony av furu, som vert gråna over tid. Ein del av sørfasaden er platekledd, med store glasareal og skyvedører med utgang til uteplass mot søraust og sørvest. Nedgang til naust og opparbeida uteopphaldsareal mot sjø.