VILLA HALTVIK

Prosjekt: Nytt bustadhus i Øystese
Stad: Øystese, Hardanger
Oppdragsgjevar: Haltvik
Periode: 2018 -
Status: Mellombels bruksløyve 2020

Arkitekt: Sivilarkitekt Solveig Valland MNAL

Bustaden har samla areal på hovudplan på 322 m2 BRA. For å tilpasse bygningsvolum og struktur til området er bustaden delt inn i 3 bygningskroppar med kvart sitt saltak. Bygget er eit trehus over 1 plan. Garasjen er samanbygd med bustaden. Det er store opningar (vindauge) mot fjordutsikten, mens bustaden berre har små opningsvindauge mot vegen. I nordvestenden står vindaugene høgt for å ta inn utsikt til Torefjell. Det er og takvindu for å sleppe inn godt med lys i sentrale delar av bustaden. Garasjen skjermar innsikt frå Fitjadalsvegen til tunet.

Tilkomst til bustaden skjer med avkøyring frå Fitjadalsvegen. Det er god frisikt til begge sider. Det er plass til to parkerte bilar i garasjen og fleire bilar i tunet. Med unntak av eit «koffertloft» og ein liten hems er bustaden tilgjengelig med alle funksjonar på hovudplanet. Bustaden ligg delvis i skjering og delvis på fylling. Bustaden er plassert så nær Fitjadalsvegen som tilrådelig med omsyn til vintervedlikehald. Avstand er på 15 meter til midtline veg. Ved prosjektering har ein senka bustaden så lågt i terrenget som det let seg gjera i høve høgdeforskjellen på avkøyring frå Fitjadalsvegen.