SOLSTRAND

Prosjekt: 9 leilegheiter
Stad: Norheim i Norheimsund, Hardanger
Oppdragsgjevar: H2 Hardanger AS
Periode: 2020-
Status: Under bygging

Arkitekt: Sivilarkitekt Solveig Valland MNAL

Mot fylkesvegen framstår bustadblokka som eit toetasjes bygg. Hovudinngang og garasjeanlegg er på vegplan. Dei fire møna i «sagtaket» gjev bygget karakter og gjev opningar for utsikt for dei som ferdast på eit høgare nivå, bak bygget. Det er få og smale vindauge mot vegen. Langs sidene av bygget er det bratt tak som har tilnærma lik takvinkel som Soltorp har mot gata. Taket reflekterer dei bratte taka på einebustadane langs strandlina i nabolaget. Vindauga er små lengst bak med vegen og større framme mot sjø og utsikt. Fasaden mot sundet er prega av store vindauge og balkongar. Hovuddelen av lysinnsleppet i leilegheitene er frå denne fasaden. Alle leilegheiter har vindauga frå golv til tak utan balkong framom. Balkongane ligg ved sida av stove og innanfor hovudforma på bygget. Stor del har takoverbygg og ligg innanfor fasadeliv mot sjø. Dette gjev ei skjerma sone for vêr og innsyn, og ein får overbygd deler av uteplassen. Del av balkong kragar så fram mot sjø, er utan takoverbygg og har frosta glasrekkverk. Langs sjøfronten er fasaden delt i 4. Fasaden er brote opp på bustadblokka og søkt å spele opp mot dimensjonane til einebustadane langs strandlina. Forma på bygget er såleis skapt av ønsket om å passa inn og representere ein overgang mellom eksisterande einebustader og bustadblokka på Soltorp. Takform, vindauga, takutstikk og detaljering av bygget vil likevel gje bygget eit tidstypisk preg.