REGULERINGSPLAN FOR SKOTAMYRI

PlanID: 4618 12312018001
Prosjekt: Reguleringsplan for ny barneskule på Skotamyri
Stad: Gnr. 64, bnr. 52 m.fl. Aga, Ullensvang kommune
Oppdragsgjevar: Ullensvang herad
Planstatus: Vedteken 20.10.2020 

Prosjektansvarleg: Ingvild Eikefjord

Føremålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for skule/undervisning, fleirbrukshall og idrettsanlegg med tilstrekkeleg uteareal og tilhøyrande infrastruktur innanfor plangrensa. Hovuddelen av planområdet omfattar eigedom 64/52, der ny skule og fleirbrukshall med idrettsanlegg er planlagt regulert. Reguleringsføremålet er delvis i strid med overordna plan; kommuneplan for Ullensvang, der arealdelen til planen viser at området er avsett til idrettsanlegg og bustad. Arbeidet med detaljreguleringplan er iverksett på grunnlag av eit politisk vedtak, vedtak HST120/2017, der området ved eksisterande idrettsanlegg er eit alternativ for plassering av ny barne- og ungdomsskule på vestsida av Sørfjorden.

I tillegg til å leggje til rette for undervisning og idrett, skal planen og sikre trygg skuleveg frå tilgrensande bustadområde og frå busshaldeplassane ved fv. 550, og sørge for ei betre løysing for tilkomst til barnehagen med naudsynt parkeringsareal. Bustadar som ligg innanfor planområdet skal regulerast med eksisterande tomtestruktur.

Lenkjer:
Plankart
Føresegner
Planomtale