REGULERINGSPLAN FOR
KVAM VIDAREGÅANDE SKULE

PlanID: 4622 20190006
Prosjekt: Reguleringsplan for nye Kvam vidaregåande skule
Stad: Gnr. 11, bnr. 112 m.fl. Norheimsund, Kvam herad
Oppdragsgjevar: Vestland Fylkeskommune
Planstatus: Vedteken 20.10.2021 

Prosjektansvarleg: Ingvild Eikefjord

Føremålet med utarbeiding av reguleringsplan for området er å leggje til rette for ein samlokalisert ny vidaregåande skule for Kvam i Norheimsund sentrum og andre kultur- og undervisningsareal, med tilhøyrande uteareal og teknisk infrastruktur. Øystese gymnas og Norheimsund vidaregåande skule vart administrativt slått saman til ein skule; Kvam vidaregåande skule, i 2017. Skulen er hovudsakeleg lokalisert i Øystese, men etter vedtak om å samle skulen i eit felles anlegg i sentrum av Norheimsund, er arbeidet mot ny ferdig skule i 2027 starta. Kvam herad og Vestland Fylkeskommune (tidlegare Hordaland) har inngått ein intensjonsavtale for felles bygg, uteområde, og tilkomst for ny vidaregåande skule og andre kommunale
tenester og funksjonar som kan etablerast innanfor rammene. 

Reguleringsplanen skal, i tillegg til å leggje til rette for funksjonar tilknytt den nye vidaregåande skulen for sine tilsette og elevar, også bidra til eit aktivt sentrum og leggje til rette for kulturelle funksjonar og arrangement for kommunen generelt, som bibliotek, kino, vaksenopplæring og kulturskule, samt løyse den overordna tilknytinga og nærleiken til Norheimsund barneskule på mest gunstig vis. Målet er også å løyse logistikken kring varelevering, parkering, buss og tilkomst for ulike trafikkgrupper til barneskule, vidaregåande skule, bedehus/forsamlingslokale, rådhus og andre eigedomar som har tilkomst frå vegane i området. Målet er å løyse dette på ein god og trafikksikker måte, i tillegg til å leggje til rette for betre løysingar for mjuke trafikkantar til og frå sentrum i området rundt og innanfor planområdet.

 

Lenkjer:
Plankart
Føresegner
Planomtale