REGULERINGSPLAN FOR GRÅSTEINSDALEN

PlanID: 4622 20140008
Prosjekt: Detaljreguleringsplan for hyttefelt på Kvamskogen
Stad: Del av gnr. 19, bnr. 6 mfl., Kvamskogen i Kvam herad
Oppdragsgjevar: A. B. Steine
Planstatus: Vedteken 07.12.2020

Prosjektansvarleg: Solveig Valland

Formålet med reguleringsplanen er å bygge ut området HT07 til fritidsbustadar med tilhøyrande infrastruktur i tillegg til ein forsiktig fortetting av eksisterande hyttefelt. Planen har nokre flatare, grøntområde som er godt egna til leik for born og unge. Det er laga grøne korridorar for å kome seg enkelt ut til friluftsområda både sommar og vinter. Det blir lagt opp til sommarvegar i feltet som skal nyttast som skiløypetrase på vinteren. Planen får vinterparkering for feltet to stader. Eksisterande hytteområde får avkøyring via eksisterande avkøyring. Nytt område får tilkomst via Tryglakleiv.


Eksisterande felt har 67 tomter. Det er 53 eksisterande hytter. Reguleringsplan legg opp til deling av ei eksisterande tomt og fortetting med to nye tomter i det eksisterande hyttefeltet. Utvidinga i ny del er på 24 nye frittliggande fritidsbustader med tilhøyrande infrastruktur. Til saman vert det regulert for 94 hyttetomter i Gråsteinsdalen.
Planen vil erstatta eksisterande reguleringsplanar for Gråsteinsdalen og er
oppjustert i tråd med gjeldande kommunedelplan for Kvamskogen når det gjeld struktur og utnyttingsgrad. Eksisterande bygde tilkomst til tomtene, godkjende stiar/løyper utbygd som traktorvegar i gjeldande regulering, er stadfesta som sommartilkomst til eksisterande hytter. Planområdet er på ca. 224,7 daa.

Lenker:
Plankart
Føresegner
Planomtale