NOTANES

Prosjekt: Reinseanlegg
Stad: Notaneset i Øystese, Kvam herad
Oppdragsgjevar: Kvam herad
Periode: 2017-2019
Status: Ferdigstilt 2019

Arkitekt: Geoplan AS saman med Sivilarkitekt MNAL Alv Martin Vangdal

Det er to måtar å bearbeida eit så stort element på. Det kan nedskalerast ved t.d. å nytta ulike fargar og motiv ("måla det inn i omgjevnadane"), eller det kan positivt tilførast volum som ein tilleggskvalitet som aukar visuell interesse.

Vi har valt å gjera det siste. Vi legg lysprofilar på fasaden.

Lysprofilen er ein uprofil med opning inn mot veggen. På dagtid vil den framstå som fargeliner på fasaden, i mørke lyser den opp inn mot fasaden. Mønster og lineintensitet er i nokon grad tilpassa aktivitet i fasaden og innvendige elemnt som dekke og trapper. Mot sør og vest (tilkomsten til anlegget) er dører og portar styrande for plasseringa, mot nord og aust er det ei høgtsitjande markering som er retta mot fjernverknad frå sentrum og Stronda.

Det meste av uteområdet er bunde opp av funksjonar og tilkomst til bygget og handsama i samsvar med spesifikasjon.

Resterande område fram mot og ned mot sjø er planlagt som eit mogeleg rekreasjonsområde. I dag er området eit punkt mellom elvemunning og jordbruk. Dersom ønskjeleg gangbru kan realiserast, vil området kunna vera startpunkt/ sluttpunkt for ein strandpromenade i Øystese.

REGULERINGSPLAN FOR
NOTANES

PlanID: 4622 20170003
Prosjekt: Reguleringsplan for Notanes
Stad: Gnr. 42, bnr. 175 m.fl. Øystese, Kvam herad
Oppdragsgjevar: Kvam herad
Planstatus: Vedteken 16.06.2020

Prosjektansvarleg: Ingvild Eikefjord

Føremål med reguleringa er å leggje til rette for eit utvida kommunalt avlaupsanlegg
med tilhøyrande uteområde og infrastruktur.

 

Lenkjer:
Plankart
Føresegner
Planomtale