LANDSKAPSANALYSE
BRENNEHAUGEN

Prosjekt: Landskapsanalyse for bustadtomt, grunnlag for prosjektering av bustad
Stad: Brennehaugen i Norheimsund, Hardanger
Oppdragsgjevar: Bøe / Ones
Periode: Ferdigstilt 2012

Prosjektansvarleg: Sivilarkitekt Ingvild Eikefjord MNAL

Prosjektet er ei landskapsanalyse for ei ubebygd tomt i eit bustadområde sentralt i Norheimsund. Landskapsanalysa tek føre seg situasjonen med kvaliteter knytt til utsyn, soltilhøve, klima, i tillegg til å illustrere korleis ein kan nytte tomtekvalitetane ved plassering av ein potensiell bustad.

Tomta ligg luftig til med utsyn over Hardangerfjorden og fjella rundt. Det er hellande terreng på tomta, mellom 66 moh i nord og 71 moh i sør, som er situert på ein høgde i midten av eit bustadområde og vender seg både mot aust, vest og nord.

Bustadområdet er underlagt ein reguleringsplan med føresegn som gir løyve til ein etasjehøgd og saltak med vinkel mellom 22 og 27 grader. Tomtekvalitetane vert betre om ein kjem seg litt opp i høgda med bustaden. Eit naturleg grep vil vere å nytte haugen og terrengforskjelen på tomta, og leggje bustaden opp mot det høgste punktet på den sørlege delen av tomta. Slik vil ein også får moglegheit til uteplass mot haugen og friområdet, og tilgang til sol også frå sør. Om ein nyttar ein smal bygningskropp med retning aust-vest, vil ein kunne nytte seg av gløttsituasjonar mellom dei kringliggjande bustadane, samstundes som desse ikkje vil miste sitt utsyn mot aust.