OMBYGGING AV ELDRE BUSTADHUS
Den 17.11.2020 deltok Geoplan AS på nettkurset "Fornyelse av eldre typehus i tre" arrangert av Norske arkitekters landsforbund.
Kurset tok føre seg forskingsprosjekta SEOPP og OPPTRE. SEOPP- prosjektet baserte seg på generelle energioppgradering av småhus bygd mellom 1960 og 1990, medan OPPTRE er eit pågåande forskingsprosjekt som tek føre seg ei energioppgradering av småhus til nesten nullenerginivå.
I Kvam er det stor utskifting av busette i dei eldre bustadane, då det dei siste åra er bygd mange nye leilegheiter. Eldre som gjerne ikkje har gjort endringar på bustaden dei siste tiåra vert bytt ut med yngre personar som gjerne ynskjer å oppgradera bustaden til å verta meir moderne og praktisk. Det er difor høgst aktuelt at Geoplan AS tileignar seg kunnskap som går på energieffektivisering, endring av planløysing og fasade av eldre bustadhus.
Eit døme på eit slikt prosjekt, utført av Geoplan AS, er Villa Steinsvoll. Sivilarkitekt Ingvild Eikefjord MNAL utførte eit skisseprosjekt i 2015 som tok føre seg endringar av fasade og planløysing på eit bustadhus frå 1972-73. Bustadhuset fekk då ein meir moderne utsjånad og ei planløysing som tilfredsstilla tiltakshavar sine ynskjer og behov.
Ta gjerne kontakt med oss dersom du ynskjer hjelp med å gjera bustaden din meir energieffektiv eller ynskjer å sjå kva endringar som kan gjerast med fasade og planløysing.