Reguleringsplan for Kvednaskogen

PlanID: 4622 20130006
Prosjekt: Detaljreguleringsplan for hyttefelt i Kvednaskogen
Stad: Del av gnr. 22, bnr. 6 mfl., Kvamskogen, Kvam herad
Oppdragsgjevar: Svein Holt
Planstatus: Vedteken 17.12.2019

Prosjektansvarleg: Sivilarkitekt Ingvil Eikefjord MNAL

Føremålet med planarbeidet er å regulere eit etablert hytteområde i tråd med overordna kommunedelplan for Kvamskogen, der området er avsett til HT (hytter tett), LNF, erverv og kommunaltekniske anlegg, i tillegg til vegareal og parkering. Behovet for ny detaljreguleringsplan for området er ønskja omorganisering av tomtestruktur og fortetting innanfor plangrensa, i tillegg til vegtilkomst og tomter vidare oppover i feltet. Området har 60 eksisterande tomter der 58 tomter er bebygd og/eller frådelt. Reguleringsplanen legg opp til fortetting av 22 nye tomter og omfattar totalt 82 tomter for fritidsbustader.

Lenker:
Plankart
Føresegner