Regulering Straumbrua - småbåthamna

PlanID: 12382010037
Prosjekt: Reguleringsplan for sentrumsnært bustadområde
Stad: Gnr 31 Norheim og gnr 32 Tolo, Norheimsund i Kvam herad
Oppdragsgjevar: Kvam herad Periode: 2009-2014
Planstatus: Vedteken 16.12.2014
Prosjektansvarleg: Sivilarkitekt Solveig Valland MNAL

Kvam herad ser på strekkja mellom Straumbrua og Tolo småbåthamn som ein av dei mest attraktive og framtidsretta område for bustadutvikling i Kvam. Føremålet med planen er å leggje til rette for sentrumsnære bustadar, der viktige premissar skal vere blant anna estetikk, omsyn til oppvekstvilkår, tilgjenge til strandsonen, offentlege møteplassar og universell utforming. I tilknyting til planen vart det i 2007 gjennomført 3 parallelle moglegheitstudier av området, ein av dei levert av arkitektane Vangdal og Valland, no hjå Geoplan AS.

Lenker:
Møtedokument 115/14 Kvam HST 16.12.2014
Plankart
Føresegner
Planomtale
Planomtale for endringar