HYTTER PÅ HAUKÅS

Prosjekt: Skisseprosjekt for fritidsbustadar i tunstruktur
Stad: Øvre Haukås i Strandebarm, Hardanger
Oppdragsgjevar: Haukås Utvikling AS
Periode: 2007-2008

Prosjektansvarleg: Sivilarkitekt Solveig Valland MNAL

Skisseprosjektet illustrerer fritidsbustadar av ulik storleik, med tilhøyrande anneks eller uthus. Reguleringsplanen for området er også utarbeidd av Geoplan AS. Her legg føresegna til rette for fleire bygningskropper på kvar tomt - eit konsept inspirert av tunstrukturar i fjordlandskapet, med rekketun og klyngetun. Med moglegheit for å byggje fritidsbustad, garasje og eit eller fleire anneks oppnår ein denne tunstrukturen, men utforma i samtidsarkitektur. Slik vert også kvart tun unikt, då det er sett saman etter tomteeigaren sine ønskjer og behov. Når bygningane står tett i tun, oppnår ein at tettare og større grønstrukturar mellom byggjeområda vert intakt (stølsvollar) og kan nyttast til rekreasjons- og turområder.

Bygningskroppane er tilpassa terrenget på tomta; smale og liggande på langs med høgdekotane. Den sida av hytta som vert liggjande øvst i det skrå terrenget, skal liggje nær bakken, medan den andre sida skal stå på mur i naturstein, typisk for tradisjonelle stølshus på vestlandet. Der dei lokale høgdeforskjelane er store nok, kan ein nytte arealet under hytta til kjeller.