Soltorp

Prosjekt: 9 leilegheiter
Stad: Norheim i Norheimsund, Hardanger
Oppdragsgjevar: Bratt AS
Periode: 2017-2020
Status: Ferdigstilt 2020

Sivilarkitekt Ingvild Eikefjord MNAL

Eigedomen Soltorp ligg sentralt ved Straumen i Norheimsund, like utanfor der Movatnet møter Hardangerfjorden. Eigedomen ligg på nedsida av fylkesveg 7, med grense til sjø, og med gode kvalitetar for sol og utsikt.

Bygget går over 4 plan. Kombinasjonen av rasjonelle dimensjonar, ønskja arealbruk, logistikk og effektiv planløysing har gjeve bygget sin indre struktur. Romutforming og planløysing er også sett i høve til himmelretning, dagsljosinnslepp, innsyn/utsikt og soltilhøve.

Det har vore viktig å ta omsyn til omgjevnadene og ikkje verke for dominerande i høve til nabobygg, trass at bygget ligg godt innanfor krava til høgde i reguleringsplanen og ikkje vert høgare enn eksisterande bygg på tomta. Mansardtaket er trekt ned over veggen mot sør, noko som bidreg til at taket skrår lengre enn naudsynt og høgda til sørveggen vert lågare. Samstundes gjer vrien på takvinklane at ein får ei takform som ikkje ligg langt frå saltaka til eksisterande bustader i området.