Reguleringsendring for Røyro

PlanID: 4622 19870002a
Prosjekt: Reguleringsendring for gjeldande reguleringsplan for Røyro
Stad: Gnr 19, bnr 728 mfl, Kvamskogen, Kvam herad
Oppdragsgjevar: Fleire heimelshavarar
Planstatus: Varsla endring 08.03.21

Prosjektansvarleg: Ingeborg Steine Jensen

VARSEL OM REGULERINGSENDRING FOR RØYRO – PLANID 4622 19870002
I medhald av plan- og bygningslova §12-8 vert det varsla reguleringsendring av gjeldande reguleringsplan. Geoplan AS skal, på oppdrag for fleire tiltakshavarar utarbeide ei mindre reguleringsendring for området.
Gjeldande reguleringsplan med planID 4622 19870002 Røyro vart vedteken 25.08.1987. Den gjeldande reguleringsplanen opna for å byggja hytter inntil 90 m² inkludert overbygd veranda. Det er no ynskjeleg å auke utnyttingsgrada til 150 m² for gbnr. 19/ 713, 524, 728, 727, 503, 465, 506 og 119, samt tillate uthus/ carport innanfor gjeve utnyttingsgrad.
Det vart i 2013 utført ei lik endring for bruksnummer 522, 716, 722 og 812.
Sjå forslag til nye føresegner, landskapsanalyse og førebels søknadsdokument vedlagt dette brev.


Frist for innspel til planarbeidet er sett til 01.04.2021


Innspel som kan ha innverknad på, eller vera av interesse for planarbeidet, skal sendast til Geoplan AS, Sandvenvegen 17, 5600 Norheimsund, eller via e-post; post@geoplan.no. Spørsmål rettast til Geoplan AS på tlf. 56 55 62 33. Alle innspel vil verta vurdert og lagt ved planframlegget når det vert sendt inn til Kvam herad for handsaming.

Lenker:
Forslag til endra føresegner
Søknadsbrev
Landskapsanalyse
Notat frå oppstartsmøte
Brev frå Statens Vegvesen - avklaring av rekkefølgjekrav