Villa Valhall

Prosjekt: Tilbygg og endra planløysing i bustad i betong frå 1959
Stad: Tolo i Norheimsund, Hardanger
Oppdragsgjevar: Bergesen / Laupsa
Periode: 2011-2013

Prosjektansvarleg: Sivilarkitekt Alv Martin Vangdal MNAL

Eigedomen ligg i hellande terreng med utsyn mot Norheimsund sentrum og fjorden. Bustaden er situert i det austlege hjørnet på tomta og frigjer mykje areal til hage og uteområde. Opprinneleg bustad er oppført i betong i 1959 og har eit særprega uttrykk som ein ønskjer å ta vare på. Prosjektet inkluderer oppgradering og tileggsisolering av eksisterande bustad, ny planløysing i hovudetasjen, separat leilegheit i underetasjen og eit tilbygg med dobbel garasje og delvis overdekka terrasse. Bustaden er kledd på nytt, identisk med tidlegare uttrykk. Utearealet er opparbeidd og tomta som tidlegare låg i skrå helling, har no fått flate parti. Den nye planløsyinga har hovudsoverom og opphaldsareal med ope kjøken og utgong til terrasse i framkant mot sørvest og utsikta, medan entre, vaskerom/grovinngong, soverom, bad og toalett er lagt i bakkant av bustaden, mot nordaust.


 
 
 
 
 
 










A R K I T E K T U R __________________P L A N ___________________K O N T A K T___________________A K T U E L T