Gangbru Skipadalen

Prosjekt: Skisseprosjekt for gangbru
Stad: Skipadalen i Norheimsund, Hardanger
Oppdragsgjevar: Statens Vegvesen
Periode: 2011 -

Prosjektansvarleg: Sivilarkitekt Ingvild Eikefjord MNAL


I høve planleggjing av gang- og sykkelveg på sørsida av fylkesveg 7 mellom Norheimsund og Øystese i Hardanger, ønskjer Statens Vegvesen å sjå på eit alternativ for å gjennomføre deler av gangvegen i Skipadalen som bru, der vegen går over nokre eldre langskipsnausttufter. Desse har stor verdi, både nasjonalt og lokalt, og inngår i eit større heilskapleg kulturmiljø. Ein ønskjer å få gangvegen gjennomført utan yttarlegare inngrep mot tuftene, samstundes som dette kan bidra til å synleggjere og informere om fornminnet.

Brua er lagt i fritt spenn over tuftene, slik at ein kan sjå dei ovanfrå. Skråstilte fundament i endene på brua tek opp retninga frå tuftene. Fagverksbjelker i stål fungerer som berande element i konstruksjonen, og kviler på fundamenta. Mellom desse er det spent inn sekundærkonstruksjon med dekke av rister. Desse har ei ru overflate for å oppnå friksjon, og perforering slik at vatnet kan renne gjennom. Tette cortenstålplater kler inn fagverksbjelkane på innsida og utsida av brua.
 
 
 
 
 
 
 


A R K I T E K T U R __________________P L A N ___________________K O N T A K T___________________A K T U E L T