Villa Utsikten

Prosjekt: Tilbygg til einebustad
Stad: Norheim i Norheimsund, Hardanger
Oppdragsgjevar: Lundblad / Vestbøstad
Periode: 2011-2013
Status: Ferdigstilt 2014

Prosjektansvarleg: Sivilarkitekt Solveig Valland MNAL


Tomta ligg i bratt terreng, med utsyn mot syd og vest. På eigedomen står ein eksisterande bustad frå 1963, sentralt plassert på tomta. Eksisterande bygning får ein del endringar i planløysing, og nokre mindre endringar i fasade. Tilbygget ligg i austenden, trekt litt fram frå fasadelivet til eksisterande bustad, og fyller rommet mellom bustaden og nabogrensa. Tilbygget inneheld kjøken, bad, soverom, takterrasse og terrasse. Grepet knyt inne- og uteareal tettare saman og har utsikten i fokus. Tilbygget legg vekt på reine, enkle detaljar med fokus på funksjonelle løysingar, lys og utsyn. Tilbygget er kledd med malmfuru, som vert gråna med tida.
 
 
 
 
 
 
 
 
 

A R K I T E K T U R __________________P L A N ___________________K O N T A K T___________________A K T U E L T