Villa Tombre

Prosjekt: Einebustad ved sjøen
Stad: Nesvågen på Mundheim, Hardanger
Oppdragsgjevar: Tombre
Periode: 2012-2015

Prosjektansvarleg: Sivilarkitekt Ingvild Eikefjord MNAL


Eigedomen ligg inst i ein våg og har lang strandline med svaberg. Det er fleire bygningar på småbruket, stort sett i dårleg forfatning. Eigarane ønskja å byggje nytt bustadhus, restaurere og oppgradere resterande bygningsmasse (naust, stabbur, driftsbygning med garasjetilbygg, hallingstove, skykkje og lagerskur), og på sikt kunne nytte naust/sjøhus til etablert næring innan havbruk. Opphavleg bustadhus frå 1925 vert rive og erstatta av ny bustad. Denne får om lag same plassering, men vert trekt litt mot sjø i sørvestleg retning, og vridd i høve til nabo for å nytte mellomrommet mellom bustadane. Eigarane ønskja seg ein bustad med tradisjonelt uttrykk, eit trehus med saltak og ark, praktisk planløysing med alle naudsynte funksjoner på hovudplan og utgong til uteplass. Utearealet er opparbeidd med terrengmurer i naturstein ned mot svaberget, med hage mot sørvest og fjorden. Plantetre er fjerna for betre soltilhøve og utsyn mot sjø. Bustaden har delvis kjellar, i tillegg til hovudplan og loftsetasje. Hovudetasjen inneheld opphaldsareal med open kjøkenløysing og utgong til uteområdet, medan entre, trapp, toalett, grovinngong/ vaskerom, bad og hovudsoverom er situert i bakkant av bustaden, mot nordaust. I 2.etasje er det loftstove, bad, soverom/disponible rom og utgong til altanar.
 
 
 
 
 
 
 
 
 

A R K I T E K T U R __________________P L A N ___________________K O N T A K T___________________A K T U E L T